top of page

Sogndal SV sitt valprogram 2019-2023

66112127_1267714836720934_33797017808781

Vedteke kommuneprogram –

Sogndal SV 2019-2023

Våre retningsval

For dei mange – ikkje for dei få

SV vil ha ein politikk som bygger på små skilnader og sterke fellesskap. Helse og skule til folk flest må settast framfor skattekutt til dei som har mest. Velferd og naturressursar skal tene oss alle, ikkje gje forteneste til nokre få.

Vi skal sikre reine fjordar og hav. Plast skal ikkje ende i naturen og havet. Vi må føre ein politikk som kuttar utslepp, bremsar dei farlege klimaendringane og tek vare på kloden. Rein luft, reint vatn og grøne arbeidsplassar for mange er viktigare enn kortsiktig profitt for nokre få.

Det er tid for små skilnader og sterke fellesskap. Tid for rein natur og ei grønare framtid. Det er tid for forandring. Det er tid for ein politikk for dei mange, ikkje for dei få.

 

Menneske – ikkje marknader

Sterke fellesskap gjev menneske høve til å utvikle seg uavhengig av kva bakgrunn dei har. Små skilnader gjev auka tillit og større forståing mellom folk. Oppgåver som omsorg, helse og utdanning kan vi løyse best i fellesskap. Dei skal ikkje vere varer på ein marknad. Fellesskapet gjev fridom. Fellesskapet tek vare på oss, derfor må vi ta vere på fellesskapet og dei menneska som arbeider for det – i barnehagane, på skulane og i omsorg. Å overlate dei store fellesoppgåvene til marknaden er å gje makta til dei pengesterke. Derfor tek SV kampen for velferd utan profitt. Derfor tek SV kampen for auka bemanning, heile og faste stillingar. Derfor vil SV gje meir tid og tillit til dei som jobbar for fellesskapet.  

 

Framtid – ikkje ureining

Vi ser konsekvensane av klimaendringane i lokalsamfunna våre. I Noreg fører klimaendringane til meir ekstremt ver, meir flaum, meir styrtregn, turke og ras. Dette gjer det naudsynt med store investeringar i førebyggande tiltak og lokale tilpassingar. Om vi ikkje snur no, blir konsekvensane verre. I framtida må vi gjere oss uavhengige av olje, kol og gass. Klimaendringane er eit globalt problem, men mange av løysingane må finnast lokalt. Derfor tek SV kampen mot forsøpling og ureining av naturen. Derfor tek SV kampen for klimavenlege kommunar. Derfor tek SV kampen for ein rein fjord og ei rein jord.

 

 

SV og Nye Sogndal

Frå 1. januar 2020 skal Balestrand, Leikanger og Sogndal saman utgjere den nye Sogndal kommune. Dette vil gje nye utfordringar, men også nye høve til utvikling. SV vil arbeide for eit godt og tillitsfullt samarbeid i den nye kommunen. Vi vil ikkje ta omkampar, men sjå framover. Folk i den nye kommunen skal framleis få kvardagstenestene der dei bur. Vi skal ikkje gjere strukturendringar på grunn av samanslåinga, men vi skal nytte det høvet som ein større organisasjon gjev til å bygge sterkare fagmiljø, og til å utvikle tenestetilbodet til beste for alle innbyggarane. Ein større kommune kan også ta hand om fleire spesialiserte tenester, og på den måten medverke til desentralisering i eit samfunn som elles blir meir og meir sentralisert.

Ein større kommune kan vere meir attraktiv for å trekke til seg nye arbeidsplassar, både offentlege og private. Nye Sogndal vil bli den klart største kommunen i Sogn, og det gjev eit ansvar for å føre ein offensiv utviklingspolitikk som heile regionen kan dra nytte av. Eit sterkt regionsenter må også spele saman med dei andre tettstadene og grendene omkring. SV vil føre ein politikk som kjem innbyggarane i heile kommunen til gode. Sogndal SV vil også samarbeide tett med SV i Vestland fylke og SV sentralt om ein politikk som styrker kommunane både økonomisk og som organ for eit lokalt folkestyre.

SV vil satse på velferd utan profitt. Omsorg skal ikkje vere butikk. SV seier nei til privatisering og konkurranseutsetjing, og ja til skikkelege arbeidsforhold. Velferd skal tene folk, ikkje pengar. Dei ressursane som vert løyvde til fellesskapet, skal gå til fellesskapet, ikkje til formuar for nokre få.

SV vil arbeide for at kommunesamanslåinga ikkje skal føre til sentralisering. Strukturane skal ligge fast for tenester som folk treng kvar dag eller ofte. SV vil arbeide for at kommunen skal ha tilstrekkeleg planleggingskapasitet til å ligge i forkant av behovet for nye tenester, slik at det ikkje blir brannsløkking kvar gong ein oppdagar eit nytt behov i siste liten. Digitalisering og robotisering, til dømes ny velferdsteknologi, kan vere reiskapar til å skape betre og meir effektive kommunale tenester med. SV vil arbeide for å gjere Sogndal til ein føregangskommune i bruk av ikt og ny teknologi for å forbetre kvaliteten på kommunal tenesteyting og administrasjon.

 

Våre saker

Klima og miljø

Klimakrisa er den største utfordringa i vår tid. I Noreg fører klimaendringane til meir ekstremt ver, meir flaum, meir styrtregn, turke og ras. Dette ser vi også i våre lokalsamfunn. Klimaendringane er eit globalt problem, men mange av løysingane må vi finne lokalt. Alle kommunar bør utarbeide forpliktande planar for å redusere sine utslepp, og legge fram årlege rekneskap for reduksjon av utslepp.

Sogndal sine natur- og miljøkvalitetar, med gode høve for eit aktivt friluftsliv, er ein av grunnane til at folk buset seg i kommunen. For SV er det eit overordna mål å ta vare på og bruke desse kvalitetane.

SV vil

  • at kommunen utarbeider og følger opp forpliktande klimabudsjett og årleg klimarapportering

  • ha fossilfri energi og ENØK-tiltak i kommunale bygg

  • ha miljøsertifisering av kommunale institusjonar og verksemder

  • ved kommunale innkjøp skal klima- og miljøkrav vektast så høgt som regelverket tillet

  • legge om til fossilfri transport i kommunal verksemd

  • fase ut unødvendig bruk av eingongsplast i kommunale einingar

  • støtte fossilfri transport gjennom utbygging av ladestasjonar for bil og sykkel, og redusere parkeringsavgifter

  • ha fokus på grøn teknologi og grøne bedrifter i næringsutviklingsarbeid

  • strengare krav til kjeldesortering hos bedrifter og offentlege institusjonar

  • legge til rettes for auka kollektivtransport og sykkelbruk, t.d. gjennom ei lånesykkelordning

  • nytte økologiske og lokale råvarer der dette er mogleg i offentlege kantiner og servering på skule, barnehage og sjukeheim

  • ha kraftlina over Sognefjorden mellom Fimreite og Fardal i sjøkabel – ikkje fjordspenn

 

 

Ulikskap og fattigdom

Eit aukande tal born veks opp i fattige familiar. Derfor må kommunen føre ein politikk for inkludering og omfordeling. Fast inntekt og stabilt arbeid er viktig for å overvinne fattigdom. Derfor må særleg unge som står utanfor arbeid og aktivitet følgast tett opp. I arbeidslivet er sosial dumping og useriøse bemanningsfirma eit veksande problem, som pressar løner og medverkar til auka ulikskap i samfunnet. Derfor må kommunen vere aktiv for å sikre at verksemder som utfører oppdrag for kommunen eller kommunale selskap, skal tilby arbeidsfolka sine skikkelege kår.  

SV vil

  • sikre låge satsar for barnehageplass

  • sikre låg eigenbetaling på skulefritidsordninga

  • at barnetrygda ikkje skal reknast som foreldreinntekt når ein reknar ut sosialhjelp

  • auke støtta til frivillige organisasjonar, slik at dei kan tilby barn og ungdom aktivitetar utan deltakaravgift

  • ha gratis bruk av kommunale bygg for barne- og ungdomsaktivitetar

  • ha billege ungdomskort for kollektivtransport

  • ha samarbeid mellom kommunen, NAV og bedrifter om praksisplassar og arbeidstrening

  • at kommunen aktivt hindrar sosial dumping hos kontraktørane og samarbeidspartnarane sine

 

Oppvekst

Ein inkluderande fellesskule er viktig for å sikre at alle born får eit godt opplæringstilbod, uavhengig av bustad eller økonomisk bakgrunn. SV vil følge opp det nasjonale vedtaket om lærartettleik i nært samarbeid med skulane.

Vi i SV vil lage ein ny og betre skuledag for elevane. Det vil vi få til med å gje elevane ein utvida og meir praktisk skuledag, og å styrke dei tilsette sin kompetanse. Vi vil ha ein skuledag der lekselesing og organiserte fritidsaktivitetar er ein del av skuletida. Den nye kommunen treng også barnehagar med mange nok og kompetente tilsette. Kommunen må etablere nye barnehageplassar der det er behov. Vi meiner også at det bør innførast kontinuerleg barnehageopptak, slik at fødselsdato ikkje avgjer når barnet kan få byrje i barnehagen.

SV vil

  • innføre barnehageopptak gjennom heile året

  • auke talet på tilsette med sosialfagleg kompetanse i barnehagane  

  • ha fleire barnehagelærarar og andre tilsette i barnehagane

  • planlegge i tide for å ha nok barnehageplassar når behovet er der

  • innføre ei prøveordning med utvida skuledag, slik at lekser og organiserte fritidsaktivitetar kan gjennomførast på skulen

  • innføre prøveordning med felles skulemåltid

  • ha betre seksualundervisning

  • styrke skulehelsetenesta med meir tid på skulane i kommunen

  • styrke samarbeidet mellom barnevern, familievern, helsestasjonar, barnehagar og skular om førebyggande tiltak og tidleg innsats for utsette barn og unge

 

Omsorg og helse

Omsorg- og helsetenestene skal vere tilpassa folk og nær folk. Gode tenester er avhengige av naudsynt kompetanse og nok tilsette, noko som igjen er avhengig av gode løns- og arbeidsvilkår. Nyskaping og kvalitetsløft innan velferd og helsetenester skjer best gjennom satsing på og samarbeid med kommunen sin viktigaste ressurs – dei tilsette.

SV vil

  • legge til rette for at eldre kan få bu heime og oppretthalde eit aktivt og sjølvstendig liv

  • utvikle heimetenesta som ei fleirfagleg teneste, som kan yte ulike former for praktisk hjelp til heimebuande som treng det

  • trygge frivilligsentralen si rolle i omsorgsarbeidet

  • ta i bruk velferdsteknologi for å frigjere tid til pleie og omsorg

  • at sjukeheimar skal ha eigne kjøkken for å sikre sjuke og eldre næringsrik mat og betre matlyst

  • prøve ut ønsketurnus, kortare arbeidstid og andre tiltak som kan betre arbeidstilhøva i helse- og omsorgstenestene

  • utvikle kompetansen hos dei som arbeider i omsorg og helse gjennom kompetanseplanlegging og tilrettelegging for etter- og vidareutdanning

  • styrke førebyggande arbeid og tidleg innsats for barn, unge og barnefamiliar med behov for rådgjeving og hjelp

  • styrke innsatsen i psykisk helsearbeid

  • arbeide for lokalisering av desentraliserte polikliniske tenester i kommunen

  • arbeide for at Balestrand får fast stasjonert ambulanse

 

 

Kommunen som arbeidsgjevar

SV vil ha auka bemanning, heile og faste stillingar. Det skal vere nok folk på arbeid til å ivareta både born og pleietrengande. Bemanningsbyråa tener på mellombelse og usikre jobbar. SV vil kaste dei ut av arbeidslivet. Vi vil ha auka bemanning, redusert arbeidstid og fast tilsette kommunale vikarar i staden for innleige.

SV vil ha meir tid og tillit til dei som arbeider for fellesskapet. Tilsette må få tid, tillit og høve til å bruke fagleg skjønn i arbeidet. Dei som arbeider med menneske, skal ikkje overstyrast av rapportering og målstyring. Unaudsynt testing og måling må fjernast. Gjennom samarbeid med fagforeiningane om ei tillitsreform i offentleg sektor vil SV sikre meir makt og fagleg fridom til dei som arbeider for fellesskapet.

SV vil

  • arbeide for at det blir lyst ut heile stillingar, og at deltidsstillingar blir auka

  • arbeide for at ein har kommunalt tilsette vikarar i staden for å bruke innleige

  • bruke arbeidsmiljølova frå før forverringane i 2015

  • fjerne unødvendig byråkrati, kontroll og rapportering i dei kommunale tenestene

  • stille krav til arbeidstilhøve ved kommunale innkjøp og tilbodsutlysingar

  • at alle tilsette som treng det skal ha opplæring i og tilgang til PC med fungerande utstyr for nett-møte

  • etablere fleire kommunale lærlingplassar

 

Planlegging og arealbruk

Kommuneplanen sin arealdel er eit viktig verkemiddel for kommunen sitt arbeid med samfunnsutvikling. SV vil legge til rette for at det til ei kvar tid skal vere tilgjengeleg areal for bustadbygging og næring i alle delar av kommunen. Arealplanlegginga må ta omsyn til at kommunen både skal utvikle eit senter som kan vere utviklingsmotor i regionen, at vi skal ha fleire tettstader med rom for utvikling og at det skal vere attraktivt å busetje seg i dei ulike grendene i kommunen.

SV vil

  • planlegge i tide for at det skal vere tilgjengeleg areal for bustadbygging og næring i heile kommunen. Om naudsynt må kommunen kjøpe opp og legge til rettes areal i eigen regi.

  • at det blir stilt kvalitets- og klimakrav til private regulerings- og utbyggingsplanar. Slike planar må inngå i ein heilskapleg strategi for samfunnsutvikling, og ikkje vere styrt av utbyggarinteressene åleine.

  • at planlegginga må legge opp til fortetting nær kollektivknutepunkta i kommunen, slik at fleire på ein enkel måte kan reise kollektivt.

  • at fortetting må framleis vere ein sentral strategi for utbygging i regionsenteret. Men det trengst også ei sentrumsnær utviding med bustadfelt der det kan byggast større einingar, no som Kjørnes er fullt utbygt.

  •  at  kommunen skal vere positiv til bustadbygging utanom tettbygde område, så langt det kan gjerast utan å komme i konflikt med krava til jordvern og tryggleik for ras og flaum,

  • planlegge for at fleire kan gå og sykle til arbeid, skule og andre kvardagsaktivitetar.

 

 

Bustad

Alle menneske treng ein stad å bu. Kommunen må vere ein sentral aktør i å skape ein bustadmarknad som fungerer for alle. Sogndal har mange unge tilflyttarar, både einslege, par og barnefamiliar. Bustadmarknaden må utviklast med tanke på at det trengst ulike bustadformer for å dekke ulike behov, og endra behov ettersom unge familiar blir fleire. Det må leggast til rette for at fleire skal få høve til å eige i staden for å leige. SV ønsker å sette ein stoppar for at familiebustader vert omgjorde til utleigeobjekt for å skape privat profitt. Dessutan må bustadpolitikken ta omsyn til heile kommunen, slik at folk kan få busetje seg der dei ønsker.

SV vil

  • ha nok tilgjengelege tomtar og kommunal bustadbygging

  • etablere kommunalt tomteselskap og bustadbygging i regi av bustadbyggelag

  • at kommunen ikkje tillet omgjering av familiebustader til utleigeobjekt

  • legge til rette for rimelege bustader for førstegongsetablerarar, både einslege og småbarnsfamiliar

  • stille klare kvalitetskrav og klimakrav til utforming av nye bustader og bustadområde

  • at det må vere rom for varierte bustadformer. Det må leggast til rette for eigeninnsats, utbygging i regi av bustadbyggelag og leige-til-eige.

  • medverke til å utvikle alternative butilbod

  • leggje til rette for meir bruk av vassboren varme, solceller og passiv solfangar i alle nybygg

 

 

Næringsutvikling

Sogndal kommune har eit allsidig næringsliv. Her finst eit utviklingsorientert jordbruk, lokalt eigde industriverksemder, eit sterkt handels-, reiselivs- og tenestetilbod saman med nasjonale og regionale forvaltningsinstitusjonar, høgskule og forsking. Dette er eit nesten eineståande utgangspunkt for samfunns- og næringsutvikling i ein såpass liten region. Sogndal kommune må ruste seg for å nytte dette utgangspunktet gjennom ein offensiv strategi for samfunns- og næringsutvikling.

SV vil

  • utvikle samarbeidet mellom kommunen og det lokale næringslivet, mellom anna gjennom ein årleg næringskonferanse der ein set fokus på viktige utviklingsområde for det lokale næringslivet

  • satse breitt på næringsutvikling, og vere observante på utviklingspotensialet i heile det varierte næringslivet i kommunen

  • støtte lokale gründerar

  • satse på miljø og innovasjon i kommunale innkjøp

  • bruke kommunale innkjøp til å styrke lokalt næringsliv

  • støtte arbeidet for å etablere Vitensenteret på Kaupanger

  • gjere kommunen til ein føregangskommune for utvikling av grøn teknologi i samarbeid med lokalt næringsliv, høgskule og forskingsorganisasjonar

  • digitalisere søknads- og sakshandsamingssystem

  • styrke dei kommunale næringsmidlane og den kommunale næringsadministrasjonen

Kommunikasjonar

Med dei nye kommunegrensene vil Sogndal bli ein vidstrekt kommune. Dette gjer det naudsynt å satse på gode kommunikasjonar mellom dei ulike delane i kommunen. Kollektivtilbodet må betrast. Dette er særleg viktig for born, ungdom og eldre som treng transport. For dei som er avhengige av å bruke bil, må kommunen legge til rette for meir klimavenleg transport gjennom reduserte parkeringsavgifter for el-bilar og ladehybridar.

Både bedrifter og offentlege institusjonar er avhengige av gode utoverretta kommunikasjonar mot dei store byområda. Vi er inne i ei utvikling der digitale kommunikasjonar blir like viktige som sambanda for fysisk transport. Gode breiband- og mobilsamband er avgjerande for at næringslivet i distrikta skal konkurrere på lik linje med byane. Nettmøte og digital kommunikasjonar kan dessutan spare klimaet, ved at det vert mindre behov for klimagassproduserande transport.

Sogndal er det geografiske kryssingspunktet for dei kortaste veglinene mellom Oslo og Sunnmøre (via Hemsedal) og mellom Bergen og Trondheim (via Vik og Hella). Kommunen må arbeide for, og samarbeide med andre for, at desse vegtraseane skal bli prioriterte i Nasjonal Transportplan.

SV vil

  • arbeide for å styrke kollektivtilbodet innan kommunen, både i vekedagane og helgane, med særleg fokus på å sikre Balestrand betre ferjesamband med resten av kommunen, og på fleire bussruter Balestrand - Leikanger – Sogndal og Kaupanger – Sogndal

  • prøve ut Saudamodellen, med rutegåande taxi på bestilling, til tider og i område med veikt grunnlag for andre kollektivtilbod

  • ha reduserte parkeringsavgifter for elbilar og ladehybridar på kommunale parkeringsplassar

  • sikre høgkvalitets breiband og mobilsamband i heile kommunen

  • arbeide for at staten og fylkeskommunen nyttar tilbodskrav som verktøy for å utvikle fossilfrie teknologiar til drift av bussar, ferjer og rutebåtar

  • ved omlegging til eldrift i trekantsambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes må også reservekaien i Balestrand leggast til rette for eldrift

  • trygge Sognebåten og eit sikkert flytilbod på Haukåsen

  • arbeide for at sambandet Oslo – Ålesund via Hemsedal vert prioritert i Nasjonal Transportplan, og for utgreiing av sambandet Bergen ─ Trondheim via Vik/Hella med tunnelar under Vikafjellet og Sognefjellet

  • arbeide for snarleg utbetring av vegen Hella – Leikanger og bru over Esefjorden

  • sette i gang planarbeidet for ei framtidig vegløysing forbi Sogndal sentrum, slik at vegløysing og kommunalt planarbeid kan sjåast i samanheng

 

 

Kultur, idrett og friluftsliv

Kunst og kultur har mykje å seie for utvikling av sosiale fellesskap, inkludering, debatt og kunnskap. Eit godt kulturtilbod er viktig for alle lokalsamfunn. For kommunen sin del er det viktig å satse på biblioteka og kulturskulen, dei to kulturinstitusjonane som kommunen har ansvaret for. Kunst- og kulturfeltet er også ein arena for samarbeid mellom kommunane og det frivillige organisasjonslivet. Sameleis er idrett og friluftsliv ein viktig samarbeidsarena mellom det offentlege og dei frivillige. For barn og unge er det spesielt viktig at dei får høve til å vere med i det inkluderande fellesskapet som kultur, idrett og friluftsliv representerer. Idrett og friluftsliv for folk flest er også viktig for folkehelsa. Derfor er kultur, idrett og friluftsliv eit viktig område for kommunen sitt arbeid med samfunnsutvikling.

SV vil

  • løfte løyvingane til folkebiblioteket, slik at biblioteket kan vere ein arena for kunnskap, debatt og kulturopplevingar for alle

  • trygge og utvikle tilbodet til kulturskulen, og legge tilbodet inn i ein utvida skuledag

  • samarbeide med dei frivillige organisasjonane om idretts- og kulturtilbod innan ramma av ein utvida skuledag

  • stimulere til at barn og unge med minoritetsbakgrunn søker seg til kulturskulen

  • løfte Sogndal som kunstkommune

  • utvikle ein kommunal kultur- og frivilligpolitikk i samarbeid med dei frivillige organisasjonane innan kultur, idrett og friluftsliv

  • styrke kultur- og fritidstilbodet til ungdom

  • gje det frivillige kultur- og idrettslivet trygge og føreseielege rammevilkår og meir frie midlar som dei kan nytte i tråd med eigne prioriteringar. Spesielt må idrettsrådet sikrast eigne midlar der idretten sjølv prioriterer bruken

  • bygge ein fleirbrukshall i Sogndal for å dekke etterslepet i skulane og hallidrettane sine behov for tilgjengeleg og rimeleg hallareal til trening og konkurransar

  • samarbeide med friluftsorganisasjonane og andre aktørar for å utvikle sogndal som landets beste kommune å bu i for aktive friluftsfolk

  • ha tilbod om eigna øvingslokale for lag og organisasjonar, og opne lokale for eigenorganisert aktivitet i alle tettstadane i kommunen

  • løfte kulturfeltet sin plass innan kommuneadministrasjonen. Kommunen må ha ein tenesteleiar for kultur som samlar dei ulike kulturavdelingane innan kommunen sin organisasjon

  • etablere eit friluftsråd i kommunen

 

 

Målbruk

Sogn er eit kjerneområde for nynorsk språk og kultur. Derfor vil SV arbeide at Sogndal kommune skal styrke innsatsen for god målbruk og det nynorske språket.

SV vil

  • at kommunen sine tilsette, og særleg dei tilsette som driv med sakshandsaming eller opplæring, skal få tilbod om kurs med fokus på klarspråk og god nynorsk målføring

  • at kommunen utviklar ein husnormal til støtte for tilsette som skal bruke nynorsk i sakshandsaming

 

 

 

Likestilling i lokalsamfunnet

Kampen for full kvinnefrigjering og likestilling er ein kamp for fridom og rettferd. SV ønskjer å skape eit samfunn der kjønn ikkje set grenser for folk sin fridom og folk sine val. Noreg har ein av Europas mest kjønnsdelte arbeidsmarknader, og kvinner tener i snitt 85% av det menn gjer. Kvinner jobbar oftare deltid. Kampen for likeløn og heiltidsarbeid er viktig, og den skjer i lokalsamfunnet.

Overgrep og vald er ekstreme utslag av eit skeivt maktforhold mellom kjønna. Vi må sikre god beredskap og døgnope krisesenter. Jenter sin rett til å bestemme over eigen kropp er avgjerande for fridomen deira til å delta i samfunnet på lik line med menn. Grensesetting og respekt for andre sine grenser må inn i seksualundervisninga, og helsesøsterordninga på skular og i barnehagar må styrkast.

SV vil

  • sikre eit godt tilbod om krisesenter

  • bidra til at kommunen lagar handlingsplanar mot vald og overgrep i nære relasjonar

  • arbeide mot seksuell trakassering i skule og arbeidsliv

  • bidra til auka kompetanse hos tilsette i barnehage og skule, om ulike kjønnsuttrykk og seksuell orientering

  • ha kurs for skuleelevar om grensesetjing

  • bidra til at kommunen lagar plan om likeløn

 

 

Integrering og mangfald

Menneskeverd, mangfald og likeverd er sentrale verdiar i SV. Vi ønsker eit lokalsamfunn der innbyggjarane har tillit til kvarandre, og viser kvarandre respekt på tvers av kjønn, rase, religion eller kulturell bakgrunn. Integrering skjer i lokalsamfunnet: på skulen, i nabolag, i frivillige organisasjonar, og andre fellesarenaer. Gjennom slike møteplassar kan ein bryte ned grenser, fremme språkopplæring og skape eit mangfaldig og godt lokalsamfunn.

SV vil

  • ta til motmæle mot politisk retorikk som fordømmer eller karakteriserer grupper som mindreverdige

  • bidra til å bygge fleire felles møteplassar mellom ulike kulturar og aldrar

  • legge til rette fleire praksis- og arbeidsplassar for flyktningar

  • drive eit systematisk arbeid mot rasisme

  • samarbeide om integreringstiltak med det frivillige kultur- og organisasjonslivet

  • etablere livssynsope seremonilokale, særleg til bruk ved gravferd

 

 

Internasjonal solidaritet

I verda i dag står vi overfor store globale problem. Dette er problem som må løysast saman på ulike samfunns- og forvaltningsnivå. SV ønsker at Sogndal skal sette globale spørsmål på saklista, og gjere det som kan gjerast i kommunen for å ta vår del. Dette ønsker vi å gjere gjennom retningslinjer for kommunal handel, gjennom å sikre at investeringane som kommunen gjer, er berekraftige, og sikre at dei varene og tenestene som kommunen nyttar ikkje medverkar til okkupasjon, som til dømes okkupasjonen av Vest Sahara og Palestina.

SV vil

  • vedta ein strategi for etisk og rettferdig handel

  • trekke kommunale pensjonsfond og investeringar ut av kol, olje og gass

  • at kommunen må syte for ei etisk og berekraftig forvaltning av alle kommunale investeringar i fond, og av kommunale pensjonsordningar

  • i avtalar og tilbod skal kommunen legge som føring at ein ikkje skal bruke eller tillate bruk av palmeolje i biodrivstoff

  • at ordføraren i kommunen melder seg inn i «Ordførarar for fred» og på den måten sluttar seg til den internasjonale kampen mot atomvåpen

  • gå imot innkjøp av varer og tenester som blir produserte på okkupert jord

  • at kommunalt eigde selskap må varsle skattestyresmaktene dersom dei oppdagar uetisk skattepraksis hos  dotterselskap eller samarbeidspartnarar

 

 

Demokrati og politisk styring

For sosialistar er det alltid eit mål å utvide demokratiet. Romma for politikk og samfunnsutvikling må opnast opp for folk flest. For å endre makttilhøva må samfunnet endrast nedanfrå. Fleire må få høve til å påverke korleis delar av pengane blir brukt lokalt, gjennom deltakande budsjettering og andre former for deltakande demokrati. Kommunen kan aktivt legge til rette for at innbyggarane kan fremme forslag til endringar og forbetringar. SV vil også legge til rette for ei organisering av kommunen som sikrar dei folkevalde politikarane reell styring over kommunen sine prioriteringar. Særleg er det viktig at kommunen har ein open og forståeleg budsjettprosess som gjev innbyggarar og folkevalde høve til innspel og prioriteringar.

SV vil

  • utvikle digitale arenaer for tovegs kommunikasjon – ikkje berre strøyming av møte og informasjon frå kommunen

  • ha forsøk med innbyggarinvolvering i budsjettering, gjennom ei form for deltakande budsjettering

  • sleppe til dei nye innbyggarane og dei yngre generasjonane ved å ta i bruk nye deltakingsformer

  • ha ein open kommune med tydeleg kommunikasjon, tilgjengelege planar og opne kommunale prosessar slik at innbyggarane kan følgje med på prosessane i kommunen

  • ha ein politisk styringsmodell med hovudutval

Strategi for endring

SV søker alliansar med organisasjonar som vi deler politiske mål med, særleg fagrørsla og miljørørsla. For å betre kommunale tenester og føre ein god arbeidsgjevarpolitikk i kommunen treng vi eit tett og forpliktande fagleg samarbeid. For å føre ein god miljøpolitikk er det avgjerande å samarbeide med miljøvernorganisasjonar og aksjonsgrupper. SV vil samarbeide med andre parti for å få gjennomslag for politikken vår. Men posisjonar er ikkje det same som makt. Vi vil først og fremst søke makt for å dreie samfunnsutviklinga til venstre. I dette er alliansar og samarbeid med engasjerte borgarar viktigare enn posisjonar som ikkje gjev reell makt. Saman kan vi skape eit samfunn for dei mange.

bottom of page