top of page
Søk
  • Steinar

Sogndalsfjorden – reinseanlegg inn på statsbudsjettet

Frå Sogn Avis 27.jul


Vibeke Johnsen, 1.kandidat Sogndal SV

Aud Kari Isane, 5.kandidat Vestland SV

Fleire har engasjert seg i spørsmålet om vasskvalitet denne sommaren, politikarar har spurt og Sogn Avis har skrive. Sognefjorden Vel har over tid reist spørsmål rundt fjorden, fisket og vasskvaliteten.

Som heimeferierande store deler av juli har vi fått mange spørsmål, om det til dømes er trygt å bade og kvifor det er så mykje grønske i fjorden?

Sogndalsfjorden er spesiell, på grunn av terskelen ved Fimreite er det lite utskifting av vatn og det bur mykje folk her inne. Vi veit at folk som har fiska lenge i fjorden er bekymra for kor mykje liv som er att, og kor mykje oksygen som er nede ved fjordbotn.

VAR (vatn, avløp og renovasjon)-utgiftene skal dekkjast til sjølvkost av abonnentane, altså innbyggjarane. Kloakk frå mange innbyggjarar kan silast og førast ut på djupt vatn, og først når meir enn 10.000 innbyggjarar er knytt til kloakksystemet er det krav om reinseanlegg. Desse krava er kanskje gode nok lengre ute mot kysten, der vassmassane flyt friare. Mykje tyder på at det ikkje er godt nok langt inne i Sognefjorden. Reinseanlegg vil koste. Er det rett at innbyggjarane i Sogndal skal betale det eit reinseanlegg kostar, når vi er langt unna kravet for reinsing? Det er ei felles oppgåve og ta ansvar for fjordane våre og Sogndal SV meiner denne einskildinvesteringa må støttast over statsbudsjettet.

Då første del av fjordstien i Sogndal vart bygga vart det rydda opp i fleire, gamle utslepp frå røyr som låg omtrent oppe i vassflata på fjøre sjø. Dersom dette ikkje er gjort langs heile fjordstien, må Sogndal kommune rydde opp før denne sommarsesongen er over.

I tillegg må kommunen meir aktivt syte for informasjon til innbyggjarar og gjester, om kvar ein kan bade, om at vatnet er trygt og kor Fjordstien går (det er ingen skilt til Fjordstien oppe i sentrum).

1 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Anna Helen Hamre, 2.kandidat Sogndal SV Oddbjørn Bukve, 4.kandidat Sogndal SV Mari Husabø, 7.kandidat Sogndal SV Rett til barnehageplass frå eittårs alder var den kanskje største reforma som SV kjempa

Hans Christian Knudsen, 3.kandidat Sogndal SV Vet du hvordan det er å stå uten tilbud om lærlingplass på denne tiden av året? Det gjør jeg. Det var egentlig ikke særlig gøy… På VG1 og VG2 gikk jeg hen

FN’s naturpanel IPBES, la nylig fram en rapport om statusen til økosystemet vårt. Dessverre er det ikke lystig lesing. Vi står i fare for å gjøre irreversible endringer til økosystemet vårt, som igjen

bottom of page