top of page
Søk
  • Steinar

Kva vil SV med nye Sogndal?

Frå Sogn Avis 22.juni 2019

Vibeke Johnsen, 1.kandidat Sogndal SV

Anna Hamre, 2.kandidat Sogndal SV

Hans Christian Knudsen, 3.kandidat Sogndal SV

Oddbjørn Bukve, 4.kandidat Sogndal SV

Aud Kari Isane, 5.kandidat Vestland SV


Frå 1. januar 2020 skal Balestrand, Leikanger og Sogndal saman utgjere den nye Sogndal kommune. Dette vil gje nye utfordringar, men også nye høve til utvikling. SV vil arbeide for eit godt og tillitsfullt samarbeid i den nye kommunen. Folk i den nye kommunen skal framleis få kvardagstenestene der dei bur. Vi skal ikkje gjere strukturendringar på grunn av samanslåinga, men vi skal nytte det høvet som ein større organisasjon gjev til å bygge sterkare fagmiljø, og til å utvikle tenestetilbodet til beste for alle innbyggarane. To viktige saker for SV er å innføre barnehageopptak gjennom heile året, og ei prøveordning med utvida skuledag, slik at lekser og nokre fritidsaktivitetar kan gjennomførast på skulen.

Ein større kommune kan bli attraktiv for å trekke til seg nye arbeidsplassar, både offentlege og private. Nye Sogndal vil bli den klart største kommunen i Sogn, og det gjev eit ansvar for å føre ein offensiv utviklingspolitikk som heile regionen kan dra nytte av. Eit sterkt regionsenter må også spele saman med dei andre tettstadene og grendene omkring. SV vil føre ein politikk som kjem innbyggarane i heile kommunen til gode, og samarbeide på tvers av partigrenser for å få til dette. Sogndal SV vil også samarbeide tett med SV i Vestland fylke og SV sentralt om ein politikk som styrker kommunane både økonomisk og som organ for eit lokalt folkestyre.

SV vil satse på velferd utan profitt. Omsorg skal ikkje vere butikk. SV seier nei til privatisering og konkurranseutsetjing, og ja til skikkelege arbeidsforhold. Velferd skal tene folk, ikkje pengar. Dei ressursane som vert løyvde til fellesskapet, skal gå til fellesskapet, ikkje til formuar for nokre få.

SV vil arbeide for at kommunesamanslåinga ikkje skal føre til sentralisering. Strukturane skal ligge fast for tenester som folk treng kvar dag eller ofte. For å binde den nye kommunen saman vil SV prøve ut Saudamodellen, med rutegåande taxi på bestilling, til tider og i område med veikt grunnlag for andre kollektivtilbod.

SV vil arbeide for at kommunen skal ha tilstrekkeleg planleggingskapasitet til å ligge i forkant av behovet for nye tenester. Digitalisering og robotisering, til dømes ny velferdsteknologi, kan vere reiskapar til å skape betre og meir effektive kommunale tenester med. SV vil arbeide for å gjere Sogndal til ein føregangskommune i bruk av IKT og ny teknologi for å forbetre kvaliteten på kommunal tenesteyting og administrasjon.

Sist, men ikkje minst, vil SV ha fokus på klima og miljø. Sogndal sine natur- og miljøkvalitetar, med gode høve for eit aktivt friluftsliv, er ein av grunnane til at folk buset seg i kommunen. For oss er det eit overordna mål å ta vare på desse kvalitetane. Klimaendringane er eit globalt problem, men mange av løysingane må vi finne lokalt. SV vil at Nye Sogndal skal utarbeide forpliktande planar for å redusere utslepp, legge om til fossilfri energi i bygg og til transport, og at kommunen skal legge fram ein årleg klimarekneskap som måler resultata av innsatsen.

6 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Anna Helen Hamre, 2.kandidat Sogndal SV Oddbjørn Bukve, 4.kandidat Sogndal SV Mari Husabø, 7.kandidat Sogndal SV Rett til barnehageplass frå eittårs alder var den kanskje største reforma som SV kjempa

Hans Christian Knudsen, 3.kandidat Sogndal SV Vet du hvordan det er å stå uten tilbud om lærlingplass på denne tiden av året? Det gjør jeg. Det var egentlig ikke særlig gøy… På VG1 og VG2 gikk jeg hen

FN’s naturpanel IPBES, la nylig fram en rapport om statusen til økosystemet vårt. Dessverre er det ikke lystig lesing. Vi står i fare for å gjøre irreversible endringer til økosystemet vårt, som igjen

bottom of page