Søk
  • Listekandidatar SogndalSV

Barnehageplass utan fødselsbingo

Anna Helen Hamre, 2.kandidat Sogndal SV

Oddbjørn Bukve, 4.kandidat Sogndal SV

Mari Husabø, 7.kandidat Sogndal SV


Rett til barnehageplass frå eittårs alder var den kanskje største reforma som SV kjempa fram dei åra partiet sat i den raud-grøne regjeringa. Som finansminister og seinare kunnskapsminister var Kristin Halvorsen den sentrale drivkrafta bak barnehagereforma. Dei fleste kommunane har i dag full eller tilnærma full barnehagedekning. Dermed har overgangen til arbeidslivet etter fødselspermisjonen blitt enklare for mange småbarnsforeldre.

Heilt fullført er reforma likevel ikkje. Mange kommunar har framleis opptak til barnehagane berre ein gong i året, og få eller ingen plassar til dei som treng barnehage i løpet av hausten, vinteren eller våren. Dermed blir retten til barnehageplass frå eitt år avhengig av at foreldra også kjøper vinnarlodd i fødselsbingoen, og får barnet om sommaren eller seint på våren. For dei andre blir det naudsynt å ta ut ulønt permisjon frå arbeid, eller finne seg mellombels barnepass. Dette er ikkje gode løysingar for alle. Småbarnsforeldre har ofte høge bustadlån, og ikkje alle har eit nettverk som kan trø til med barnepass.

Derfor er tida no inne for å fullføre barnehagereforma, ved å legge opp til fleire opptakstidspunkt gjennom året. For SV i Nye Sogndal er innføring av barnehageopptak gjennom heile året ei av dei viktigaste sakene ved kommunevalet. Vi vil stå på for å avskaffe fødselsbingoen og gjere retten til barnehageplass ved fylte eitt år reell!

Slikt kan ikkje gjerast ved eit trylleslag. Det vil krevje god planlegging i kommunen, slik at ein bygger ut nok plassar til rett tid på rett stad. Dei nye plassane må vere tilgjengelege i heile kommunen. Det vil også krevje personalressursar og leiingsressursar til å ta mot nye born på fleire tidspunkt gjennom året. Men dette er mogleg å få til dersom det finst politisk vilje. SV utfordrar med dette dei andre partia i Nye Sogndal til å bli med på ein felles innsats for barnehagane og småbarnsforeldra.

0 visninger
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now