Politisk plattform 2020-2023
Partia Sogndal Senterparti, og Sogndal Sosialistisk Venstreparti er samde om at følgjande punkt skal liggje til grunn for det politiske samarbeidet:
Fokusområde / visjon
-Sogndal kommune skal arbeide for realisering av FN sine klima- og berekraftsmål. Me må sikre livsgrunnlaget for framtida sine generasjonar gjennom krav til nullutslepp innan 2030. Også i våre lokalsamfunn fører klimaendringane til meir ekstremt ver, meir flaum, meir styrtregn, turke og ras. Dette gjer det naudsynt med førebyggande tiltak og lokale tilpassingar. Klimaendringane er eit globalt problem, men mange av løysingane må finnast lokalt. Omsynet til klima og miljø skal derfor vere med i heile den kommunale verksemda.
-Sogndal kommune skal levere gode tenester til innbyggjarane i heile kommunen. Kvardagstenester til innbyggarane skal ikkje sentraliserast som ei følgje av kommunesamanslåinga. Sogndal kommune skal vere eit inkluderande samfunn der det trygt å bu og leve. Målet er at innbyggjarane skal vere stolte av å bu i Sogndal kommune.
-Kommunen skal legge vekt på ei involverande og open forvaltning, som kan skape tillit hos innbyggarane. Kommunen skal vere ein god arbeidsgjevar og vertskommune, og drivast på ein forsvarleg økonomisk måte som gjev handlingsrom og ressursar frigjort til utviklingsarbeid.
Partia set menneska, miljøet og fellesgoda i sentrum. Det er viktigare å byggje ut velferdsordningane enn å gi skattelette. Folketalsvekst og verdiskaping krev gode velferdsordningar og fellesskapsløysingar.
-Sogndal kommune skal vere motor for den regionale utviklinga i Sogn, og bidra til eit breitt samansett næringsliv i den nye kommunen.
-Sogndal kommune skal støtta godt opp om det rike lags- og organisasjonslivet, og vidareutvikla breidda i kulturtilbodet i kommunen.
-Sogndal kommune skal ta ansvar for nynorsk språkbruk, og leggje vekt på klart og enkelt språk i den kommunale verksemda.
Klima og miljø
-Me skal utvikle ein framtidsretta klima- og miljøplan, og følgje opp med forpliktande klimabudsjett og årleg klimarapportering.
-Me skal ha fokus på fossilfri transport ved å legge til rette for auka kollektivtransport og at folk kan sykle og gå. Me skal etablere fleire ladestasjonar i heile kommunen.
-Vi skal ta vare på naturmangfaldet og livet i fjorden. Dei nasjonale krava til kloakkutslepp er like ute mot kysten og inne i fjorden, sjølv om sjølvreinsinga er mindre i fjorden. Terskelen ved Fimreite gjer Sogndalsfjorden utsett for utslepp. Me vil jobbe for ei felles finansiering med staten av eingongsinvestering i kloakkreinsing i Sogndalsfjøra.
Oppvekst og levekår
-Me skal oppretthalde dagens skulestruktur og –krinsar, og sikre at reisetid blir så kort som råd.
-Me skal gjennomføre eit forsøk med noko lengre skuledag, slik at lekser kan gjerast på skulen med støtte frå lærar.
-Me skal legge opp til fleire årlege barnehageopptak.
-Skular og barnehagar må sikrast nok ressursar til å drive tilpassa opplæring.
-Me skal leggje til rette for at eldre kan bu heime lengst mogleg, og framleis vere ein ressurs i lokalsamfunnet.
-Me skal sikra eit breitt og desentralisert kulturskuletilbod, realisere fleirbrukshall og basishall i Sogndal, og byggje symjeanlegg i Leikanger.
-Barnetrygda skal ikkje reknast som foreldreinntekt når ein reknar ut sosialhjelp.
Planlegging, nærings- og samfunnsutvikling
-Me skal utarbeide ein samfunnsanalyse som gjev grunnlag for vidare planlegging. Kommuneplanens arealdel skal reviderast med oppstart i 2020. Kommunen skal utarbeide ein klima- og miljøplan og ein kommunal transportplan.
-Kommunen skal leggje til rette for bustadbygging i alle delar av kommunen. I tettstadene må kommunen vere klar til å gjere investeringar i planlegging og infrastruktur. Kommunen skal ta større ansvar for bustadbygging, m.a. gjennom etablering av eit kommunalt bustadselskap.
-Me skal ta vare på kjerneområda for landbruk, og sikre vern av matjord og halde kulturlandskap i hevd.
-Kommunen skal vere ein god vertskommune for offentlege og private verksemder, og for dei som vil skape sin eigen arbeidsplass. Det skal vere tilgjengeleg næringsareal i alle delar av kommunen, og kommunen skal ha eit aktivt næringsapparat.
-Partia skal arbeide for bru over Esefjorden.
-Me skal prøve ut Saudamodellen, med rutegåande transport på bestilling, til tider og i område med veikt grunnlag for andre kollektivtilbod.
Politikk og forvaltning
-Me skal bygge ein open kommune med god dialog, tydeleg kommunikasjon og opne kommunale prosessar, slik at innbyggjarane blir involvert i det som skjer i kommunen.
-Me skal byggje fellesskap og samarbeid i den nye kommunen, og det er eit mål å oppnå breie fleirtal der det er politisk mogleg.
Bakgrunnen for at Senterpartiet (SP), og Sosialistisk Venstreparti (SV), heretter kalla partia, har inngått politisk samarbeid i kommunestyret er at det er formålstenleg å ha ei felles haldning i spørsmål som er viktige for innbyggjarane i Sogndal i åra som kjem.
Partia er samde om at det er viktig å byggje ein politisk allianse for dei kommande fire åra. På den bakgrunn er det ført forhandlingar mellom dei to partia vedkomande konstitueringa.
I tillegg til fordeling av verv, er målsettinga at partia skal kome fram til felles standpunkt der det er mogleg, og partiprogramma opnar for det. Det betyr at partia forpliktar seg til å halde kvarandre gjensidig orientert om sine posisjonar. Me vil utarbeide rutinar for korleis ein skal samarbeide. Samarbeidet skal ikkje vere til hinder for at partia markerer seg politisk på saker frå eigne program.