top of page

Les dei siste innlegga frå SV!

  • Steinar

(frå Sogn Avis tysdag 29.januar)


SV er oppteken av at arbeidet med oppfølging av varslingssakene leia av setterådmann Broberg vert sluttført på ein god måte. Ein god måte inneber og innan rimeleg tid.


Å varsle om moglege kritikkverdige forhold på eigen arbeidsplass til nokon som kan gjere noko med det, er ein rett arbeidstakarane har heimla i Arbeidsmiljølova. Å varsle kan medføre belastningar og i verste fall eit de facto yrkesforbod for varslarar. Desse varslingssakene har vore under arbeid lenge, og må sluttførast slik at varslarane får eit svar, og kan gå vidare i liva sine, både yrkesmessig og elles.


SV ber difor om fortgang i arbeidet med varslingssakene.

2 visninger0 kommentarer
bottom of page