top of page

Les dei siste innlegga frå SV!

  • Steinar

Frå Sogn Avis 22.juni 2019

Vibeke Johnsen, 1.kandidat Sogndal SV

Anna Hamre, 2.kandidat Sogndal SV

Hans Christian Knudsen, 3.kandidat Sogndal SV

Oddbjørn Bukve, 4.kandidat Sogndal SV

Aud Kari Isane, 5.kandidat Vestland SV


Frå 1. januar 2020 skal Balestrand, Leikanger og Sogndal saman utgjere den nye Sogndal kommune. Dette vil gje nye utfordringar, men også nye høve til utvikling. SV vil arbeide for eit godt og tillitsfullt samarbeid i den nye kommunen. Folk i den nye kommunen skal framleis få kvardagstenestene der dei bur. Vi skal ikkje gjere strukturendringar på grunn av samanslåinga, men vi skal nytte det høvet som ein større organisasjon gjev til å bygge sterkare fagmiljø, og til å utvikle tenestetilbodet til beste for alle innbyggarane. To viktige saker for SV er å innføre barnehageopptak gjennom heile året, og ei prøveordning med utvida skuledag, slik at lekser og nokre fritidsaktivitetar kan gjennomførast på skulen.

Ein større kommune kan bli attraktiv for å trekke til seg nye arbeidsplassar, både offentlege og private. Nye Sogndal vil bli den klart største kommunen i Sogn, og det gjev eit ansvar for å føre ein offensiv utviklingspolitikk som heile regionen kan dra nytte av. Eit sterkt regionsenter må også spele saman med dei andre tettstadene og grendene omkring. SV vil føre ein politikk som kjem innbyggarane i heile kommunen til gode, og samarbeide på tvers av partigrenser for å få til dette. Sogndal SV vil også samarbeide tett med SV i Vestland fylke og SV sentralt om ein politikk som styrker kommunane både økonomisk og som organ for eit lokalt folkestyre.

SV vil satse på velferd utan profitt. Omsorg skal ikkje vere butikk. SV seier nei til privatisering og konkurranseutsetjing, og ja til skikkelege arbeidsforhold. Velferd skal tene folk, ikkje pengar. Dei ressursane som vert løyvde til fellesskapet, skal gå til fellesskapet, ikkje til formuar for nokre få.

SV vil arbeide for at kommunesamanslåinga ikkje skal føre til sentralisering. Strukturane skal ligge fast for tenester som folk treng kvar dag eller ofte. For å binde den nye kommunen saman vil SV prøve ut Saudamodellen, med rutegåande taxi på bestilling, til tider og i område med veikt grunnlag for andre kollektivtilbod.

SV vil arbeide for at kommunen skal ha tilstrekkeleg planleggingskapasitet til å ligge i forkant av behovet for nye tenester. Digitalisering og robotisering, til dømes ny velferdsteknologi, kan vere reiskapar til å skape betre og meir effektive kommunale tenester med. SV vil arbeide for å gjere Sogndal til ein føregangskommune i bruk av IKT og ny teknologi for å forbetre kvaliteten på kommunal tenesteyting og administrasjon.

Sist, men ikkje minst, vil SV ha fokus på klima og miljø. Sogndal sine natur- og miljøkvalitetar, med gode høve for eit aktivt friluftsliv, er ein av grunnane til at folk buset seg i kommunen. For oss er det eit overordna mål å ta vare på desse kvalitetane. Klimaendringane er eit globalt problem, men mange av løysingane må vi finne lokalt. SV vil at Nye Sogndal skal utarbeide forpliktande planar for å redusere utslepp, legge om til fossilfri energi i bygg og til transport, og at kommunen skal legge fram ein årleg klimarekneskap som måler resultata av innsatsen.

6 visninger0 kommentarer

Frå Sogn Avis 17.april, 1.kandidat Sogndal SV, Vibeke Johnsen, 5.kandidat Vestland SV, Aud Kari Isane


Det er meir enn tre år sidan det blei oppretta asylmottak i Sogn og Fjordane i ekspressfart. Folk bretta opp ermene og tok tak, her var mange som trengte noko. Det var mange som søkte tilflukt og vern her hos oss. Nokre fekk nye naboar og mange nye vener. Nokre av oss blei representantar og verger andre bidrog med andre ting. I dag er det ingen mottak igjen i fylket, vi lenar oss tilbake og kjenner at det angår ikkje oss på same måten lenger.

Men flyktningkrisa er ikkje over. Berre ute av auge og ute av sinn. Heldigvis er det nokon som kan gje oss augeskildringar som gjer at vi ikkje kan la vere å bry oss.

Ti tusenvis av menneske bur i interneringsleirar der forholda blir verre år for år. Flyktningar i Hellas manglar mat, varme og husly. Før vinteren sette inn bad blant andre Leger utan grenser om evakuering av flyktningar frå Moria-leiren på Lesbos, men ingen forbetring har skjedd. FNs høgkommissær for flyktningar og Human Rights Watch kallar situasjonen for ei humanitær katastrofe.

Unge tek livet sitt på grunn av forholda i leiren. Mødrer og fedrar vert alvorleg psykisk sjuke. Verken ofre for tortur eller andre får helsehjelp. Borna går ikkje på skule og mange har levd der i årevis.

Å søke vern er ikkje ei kriminell handling og flyktningar skal ikkje behandlast som kriminelle. Dublin-avtalen som EU og EØS har inngått inneber at flyktningar skal få søknaden sin behandla i det første europeiske landet dei kjem til. Dette gir ei stor overbelastning for landa ved yttergrensene av Europa som Italia og Hellas. Noreg sender flyktningar tilbake til Hellas, eit land i djup økonomisk krise, sjølv om styresmaktene der har bedd om at det ikkje blir gjort.

I 2015 blei det inngått ein «Relokaliseringsavtale», denne skulle bidra til at flyktningar stranda i Europa skulle fordelast mellom landa i Europa. Dette engasjementet har ikkje Noreg vidareført.

Utvekslingsavtalen mellom EU og Tyrkia har forverra situasjonen kraftig. Tyrkia vaktar grensene til Europa mot betaling frå EU. Dette har ført til farlegare fluktruter, fleire dødsulukker på havet og at menneske er stranda i Hellas og Italia. Humanitære organisasjonar fordømmer sterkt avtalen.

Samstundes som forholda stadig vert forverra i Hellas, har vi fått ei regjeringserklæring som strammar inn flyktningpolitikken i Noreg. Noreg bidreg i eit kappløp mot botnen der humaniteten og grunnleggande verdiar, med menneskerettigheitserklæringa som det viktigaste fundamentet i Europa står på spel. Vi er vitne til at menneske går under på grunn av krig og mangel på tilflukt i nærområda våre. Noreg må gå føre og bidra til ein europeisk evakueringsavtale om fordeling av flyktningar frå Moria-leiren.

SV vil at Noreg skal jobbe for å innføre midlertidig stans av Dublin-avtalen og returar til Hellas. Dublin-avtalen må endrast for å sørge for eit meir rettferdig regelverk og ei forpliktande europeisk mekanisme for fordeling av asylsøkarar. SV vil og at relokaliseringsavtalen blir gjenoppteke og gjennomført og samstundes avvikle avtalen mellom EU og Tyrkia.

Menneske på flukt går under i nær oss. Noreg og Europa bryt menneskerettigheitserklæringa. Dette må det gjerast noko med no!

1 visninger0 kommentarer
  • Steinar

LO-advokatane bistår fem tidlegare tilsette i Sogn barnevern som varslar arbeidsrettssak mot Sogndal kommune skriv Sogn Avis. Arbeidet med varslingssaka har teke tid, og setjerådmann Broberg har informert formannskapet om at han har sett ein endeleg frist for å gje sin versjon.

Eit godt arbeidsmiljø er eit løpande arbeid som krev medverknad frå begge partar, og der arbeidsgjevar har eit særleg ansvar for å sikre eit arbeidsmiljø som gjev grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, og full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. Alt dette er heimla i Arbeidsmiljølova, mellom anna i føremålet (§1-1), om pliktene til arbeidsgjevar §2-1), om medverknadsplikta til arbeidstakar (§2-3) og §2 om retten til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda.

Det er mykje som skulle vore gjort annleis i saka om Sogn barnevern, og det over fleire år. Mykje av det er godt dokumentert. Når tidlegare tilsette i Sogn barnevern har varsla burde dei omvarsla medverka med si forteljing omgåande, ikkje late vere å stille til intervju. Eg er rysta dersom det er slik at dei som har eit særleg ansvar for å sikre arbeidsmiljøet ikkje har medverka til at saka får ei så god avslutting som mogleg når situasjonen er som den er.

O-advokatane bistår fem tidlegare tilsette i Sogn barnevern som varslar arbeidsrettssak mot Sogndal kommune skriv Sogn Avis. Arbeidet med varslingssaka har teke tid, og setjerådmann Broberg har informert formannskapet om at han har sett ein endeleg frist for å gje sin versjon.

Eit godt arbeidsmiljø er eit løpande arbeid som krev medverknad frå begge partar, og der arbeidsgjevar har eit særleg ansvar for å sikre eit arbeidsmiljø som gjev grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, og full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. Alt dette er heimla i Arbeidsmiljølova, mellom anna i føremålet (§1-1), om pliktene til arbeidsgjevar §2-1), om medverknadsplikta til arbeidstakar (§2-3) og §2 om retten til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda.

Det er mykje som skulle vore gjort annleis i saka om Sogn barnevern, og det over fleire år. Mykje av det er godt dokumentert. Når tidlegare tilsette i Sogn barnevern har varsla burde dei omvarsla medverka med si forteljing omgåande, ikkje late vere å stille til intervju. Eg er rysta dersom det er slik at dei som har eit særleg ansvar for å sikre arbeidsmiljøet ikkje har medverka til at saka får ei så god avslutting som mogleg når situasjonen er som den er.

15 visninger0 kommentarer
bottom of page